Lingua   

August i 68

Edvard Hoem


Edvard Hoem


August i sekstiåtte, ei tsjekkisk kvinne går
Frå natta ved maskinane, ei tidleg klokke slår
Eit toreskrall frå himmelen ein morgon blank og ny
Eit tog av panservognar rullar inn i hennar by

Vi gløymer aldri Praha
Vi høyrer kameratar
At framande soldatar
Trampar på dykkar jord

Ein Quisling bak kanonane trugar med arrest
For den som kastar steinar på ei stridsvogn i protest
Eit folk som går på arbeidet snur ryggen til i sorg
Ein gjeng med ungdom byggjer barrikadar på eit torg

Vi gløymer aldri Praha
Vi høyrer kameratar
At framande soldatar
Trampar på dykkar jord

Tre tusen menn og kvinner som ropte Nei ein gong
Kven høyrer dei bak murane, kven høyrer deira song
Men Internasjonalen, som går frå munn til munn
Ei kviskring i eit løynleg rom, han stig i denne stund

Vi gløymer aldri Praha
Vi høyrer kameratar
At framande soldatar
Trampar på dykkar jord

For Sovjet kom til landet medan heile folket sov
Dei sa at dei var brør men deira verk var vald og rov
Vi ser den svarte terror og vi ropar mot ditt land
Ditt hat mot okkupanten skal slå ut i open brann

Då skal du sigre Praha
Ja sigre kameratar
Og framande soldatar
Drivast frå dykkar jord

Då skal du sigre Praha
Ja sigre kameratar
Og framande soldatar
Drivast frå dykkar jord



Pagina principale CCG

Segnalate eventuali errori nei testi o nei commenti a antiwarsongs@gmail.com




hosted by inventati.org