| Un'ulteriore versione cantabile della canzone in "Neonorvegese"... |
SEI DU ALDRI AT DU GÅR DEN SISTE VEG | PARTISANSONG |
| |
Sei du aldri at du går den siste veg | Sei du aldri at du går den siste veg, |
når stålgrå skyor gjømmer sola vekk for deg — | Om så tung ein sky gjer dagen mørk for deg. |
For ein gong kjem for visst vår etterlengta tid, | Den dag du drøymer om vil demre i din by, |
og jorda dundrar under marsjen: «Her er vi!» | Og våre skritt skal høyrast: Vi er her på ny! |
| |
Frå grøne palmeland til land med kvite snø | Frå grøne palmeland til kvite land med snø, |
vi kjem i rekkje med vår sorg og med vår nød, | Vil vi komme, over land og over sjø. |
og kor det falle har ein drope av vårt blod, — | Og kor hen det fall ein dråpe av vårt blod, |
der skal vise seg vår styrke og vårt mot. | Vil kvar liten bekk av mot bli til ein flod. |
| |
Og morgonsola skal forgylle denna dag, | Den gylne morgonsol skal gi oss lys igjen, |
og vekk’ er gårsdagen og fienden i lag; | Og fortida forsvinn, som fienden. |
men om no sola kjem for seint ått jordas rand — | Men om sola let oss vente før ho glør, |
som ein parole songen går med ætters gang. | Skal songen gå som eld til yngre brør. |
| |
Og skriven songen er med blod og ikkje bly, | Denne song er gjort av blod, og ikkje bly. |
d’er ingen visestubb om fuglen høgt i sky; | Han liknar ikkje fuglesong ved morgongry. |
eit folk iblant ruinar i eit herja land | Det var eit folk som i ruinar mens det brann, |
har sunge songen med geværet i si hand. | Song denne songen med pistolen i si hand. |
| |
Så sei du aldri at du går den siste veg | Så sei du aldri at du går den siste veg, |
når stålgrå skyor gjømmer sola vekk for deg — | Om så tung ein sky gjer dagen mørk for deg. |
For ein gong kjem for visst vår etterlengta tid, | Den dag du drøymer om vil demre i din by, |
og jorda dundrar under marsjen: «Her er vi!» | Og våre skritt skal høyrast: Vi er her på ny! |